onsdag 21. mai 2014

Tysdagstur på Hamnanova

Endeleg var det mogleg for meg å vere med gjengen på tur att. Denne gongen var det Hamnanova som ligg frampå Nyken, den første toppen på høgre handa når du står på brua over Kjøsnesfjorden, Skei.
Klarte sjølvsagt å legge att fotoapparatet i bilen så det vart berre mobilbileter denne gongen. Det får halde.
Vi var 18 blide damer som gjekke denne kvelden. Køyrde opp i Dvergsdalen og parkerte ved eit grustak litt før hyttefeltet. Ein kan gå opp frå dette hyttefeltet også etter som eg forstod det.
For meg personleg var dette ei utfordring sidan eg ikkje har gått i så bratt terreng sidan det siste prolapset i fjor haust. Takkar Petra for at ho gjekk i lag med meg og muntra meg opp med å minne meg på at det gjekk an å kvile inn i mellom. Eg kom opp og fekk nyte utsikta frå 842 m.o.h. i lag med dei andre.




Jølstravatnet med Årdal og Helgheim.

Skei og Kjøsnes.

Kjøsnesfjorden inn mot Ripe.

Flotte damer med Orkja  i bakgrunnen.

Her er Sjøla rimeleg fornøgd med Kjøsnesfjorden og Grovanipa i bakgrunnen.
Denne er faktisk ein av fjelltrimpostane i år så om kroppen tillèt det skal eg opp der i sommar.



Det var ein fantastisk tur på ein fin kveld med fin temperatur.
Her er vi på veg nedatt ein litt anna veg enn der vi gjekk opp.


Ingen kommentarer: